-
Frivilligkonferansen 2025
Bli besøksven på Suldal Sjukeheim
I samarbeid med Suldal sjukeheim ønskjer me å etablere ei gruppe med frivillige besøksvenner.Som besøksvenn kan du bidra til å skape gode stunder for bebuarane. Det handlar ikkje om å gjere dei store sprella, ofte er det dei små møta som betyr mest.
Døme på oppgåver kan vere:
Sitje i fellesområdet med bebuarane, slå av ein prat om dagens avis, ta fram strikketøyet, les ei bok, ta ein kaffikopp saman, eller ein rusletur til sjukeheimens mange uteområder. 20-30 minutt kan betyr utruleg mykje!
Deg som frivillig:
Alle som melder seg som frivillige, blir inviterte til ei samling. Her vil me gå gjennom praktiske forhold, deler erfaringar og sjukeheimen vil gi råd til rolla som besøksvenn.
Ønskjer du å vere med og gjere ein forskjell for andre?
Meld deg som frivillig ved å huke av "Bli besøksven på Suldal Sjukeheim (meir info)" på framsida.
Ved påmelding må ein godkjenne ei teiepliktserklæring, og du må òg samtykkje til at me behandlar personopplysningane du oppgir i skjemaet i samsvar med gjeldande personvernregelverk (GDPR).
Har du spørsmål, ta kontakt med oss på Suldal Frivilligsentral.
Hilde Nora Våge: 97755302
Kirsti Didriksen: 90711216
Del på:
-
Leksehjelp
Vil du gjere ein forskjell, og få mykje tilbake?
-
Ståvå
Ståvå er open kvar tysdag og torsdag, og alle er velkomne.
-
Temakafé for kreftpasientar i Suldal
Temakaféen er ein sosial møteplass for deg som er ramma av kreft. Her kan du møte andre i liknande situasjonar, delta i samtalar og høyre faglege innlegg. Alt i eit trygt og uformelt miljø.
-
Tysdagstreff - for deg over 60!
Sosialt treff - Aktivitet - Måltid