-
Tysdagstreffet tilbake i Sanitetshuset
Tysdag 15. oktober er me tilbake i Sanitetshuset etter oppussing. Gamle og ny vener over 60 år er hjarteleg velkomne til ei koseleg stund over kaffikoppen kvar tysdag fram til jul!
Historia om Sauda sjukehus på Tysdagstreffet
Førstkommande tysdag kjem Aslaug Tangeraas på besøk til oss på Tysdagstreffet.Her vil ho dela historier frå boka om Sauda sjukehus. Ei historie mange suldøler har vore med å prega gjennom mange besøk på godt og vondt der inne i fjorden. Boka tek oss gjennom dødelege epidemiar, tragiske ulukker, liv og død, for å nemne noko. Aslaug har sjølvsagt med seg bøker som det går an å kjøpa. Som vanleg blir det lunsj levert av Rysteg og ein søtmak til kaffien etterpå til kr. 60,-
Tysdagstreffet er for deg over 60 år frå kl. 11.00 til 13.00 og me held til i Sanitetshuset på Sand.
Sjåast!
Helsing Maria