Slit laget dykkar med å få sving på sosiale medium? Eller brukar det kanskje meir tid enn de ønskjer på sosiale medium, utan heilt å vite om det verkar?
Kva skal de poste? Kor ofte? Facebook eller Instagram? Og kan KI faktisk hjelpe, utan at innhaldet høyrest ut som det er skrive av ein robot?
Gjennom to praktiske kurskveldar får lag og organisasjonar i Suldal verktøy som kan gjere kommunikasjonsarbeidet både enklare, raskare og betre. Kursa er i regi av Suldal frivilligsentral og Omega 365 Omega står for innhaldet.
📱 Kurskveld 1: Sosiale medium for lag og organisasjonar
De lærer korleis laget kan bli meir synleg med enkle grep, utan at sosiale medium blir endå ei stor oppgåve på toppen av alt anna.
De får konkrete tips til:
→ kva de bør publisere og kvar
→ korleis de kan planleggje innhaldet
→ korleis de lagar innlegg som engasjerer
→ gode rutinar som sparer tid
→ døme frå lag og organisasjonar i Suldal
🤖 Kurskveld 2: KI i kommunikasjonen
Her lærer de å bruke KI som ein praktisk medhjelpar, og ikkje som ei erstatning for dykkar eiga stemme.
De får prøve verktøy som kan hjelpe dykk med å:
→ skrive og forbetre tekstar raskare
→ få idear når de står fast
→ jobbe enklare med bilete og innhald
→ tilpasse bodskap til ulike kanalar
→ spare tid på det daglege kommunikasjonsarbeidet
Målet: å gå heim med kunnskap og verktøy de faktisk kan ta i bruk med ein gong.
God kommunikasjon treng ikkje vere komplisert, heller ikkje når den blir gjort på dugnad.
