Torsdag 19 Mars
Kl. 09:00 - 13:00, Kulturhuset i Suldal
Oppfriskningskurs for bilførere over 65 år
Suldal Frivilligsentral inviterer, saman med Rune Røise frå Statens vegvesen, til eit lærerikt og uformelt 2-dagars kurs for bilførarar over 65 år!

Kurset er fullbooka! 


Suldal Frivilligsentral ønskjer å invitere til Statens vegvesen sitt gratis oppfriskingskurs for bilførarar over 65 år.

Kurset går over to dagar, 18. og 19. mars, på Kulturhuset i Suldal. Det er heilt frivillig, og ein hyggeleg måte å friska opp kunnskapane sine om trafikk og bilkøyring på.

Deltakarane kan vere med å påverka innhaldet, og tema som ofte vert tekne opp, er vikeplikt, rundkøyring, vegoppmerking, lyskryss, motorveg, lysbruk, forbikøyring og parkeringsreglar m.m.

Tidlegare deltakarar har berre gitt positive tilbakemeldingar, og det er inga prøving, eksamen eller fare for å miste førarkortet.

Kurset har 25 plassar, er gratis og påmelding skjer via Statens vegvesen sine nettsider. 

Ta kontakt med Hilde Nora Våge (97755302) ved Suldal Frivilligsentral dersom du treng hjelp med påmelding. 

2026 © Suldal Frivilligsentral