Velkomstperson

Har du lyst å ønskje nye Suldølar velkommen?

Verta kjent med ein anna kultur, samstundes som ein bidreg til at nyankomne får kjennskap til det norske språket, kulturen og lokalsamfunnet.

Suldal Frivilligsentral, ønskjer i samarbeid med Introtenesta å engasjere deg som velkomstperson. Som velkomstperson ein eit medmenneske, nokon å støtte seg på i ein etableringsfase og ein vegvisar inn i lokalsamfunnet. Som velkomstperson gjere ein ting saman som begge partar trivast med, og der alle bidreg til fellesskapet. Det kan t.d. dreie seg om å invitere på middag eller sosiale arrangement, inkludere i fritidsaktivitetar og idrettsaktivitetar i lokalsamfunnet. 


Kva kan ein forvente?  

  • Som velkomstperson, bind ein seg for ein periode på 4-6 månadar, 1-2 timer i veka. Nokon vel å treffast kvar veke, andre annakvar veke.  
  • Begge partar blir invitert til eit fyrste møte med tolk.


Noko for deg? Registrer deg her.

2024 © Suldal Frivilligsentral