-
Frivillig sjåfør - midlertidig ordning for pasienttransport i Suldal
Suldal kommune og Suldal frivilligsentral går saman for å sikre pasienttransport til dei som treng det mest
Leksehjelp
Vil du gjere ein forskjell, og få mykje tilbake?Bli med som frivillig leksehjelpar på Introsenteret!
Kvar måndag frå kl. 12.30 til 14.15 samlast leksehjelparane på Eide, og då handlar det ikkje berre om lærebøker og grammatikk. Det er møte mellom menneske, det er latter, det er meining.
🔹 Du treng ikkje vere lærar
🔹 Du treng heller ikkje vere ekspert
🔹 Du treng berre å beherske norsk, og ha lyst til å bidra!
Som leksehjelpar får du møte fantastiske menneske, og vere med på å byggje bru mellom menneske, språk og kultur!
📍 Stad: Introsenteret i Suldal (Rygjatunvegen 22, Eide)
🕰 Tid: Måndagar kl. 12.30 –14.15
📬 Spørsmål eller lyst å bli med? Send SMS eller ring Hilde Nora Våge på 977 55 302
Del på:
-
Frivilligkonferansen 2025
-
Ståvå
Ståvå er open kvar tysdag og torsdag, og alle er velkomne.
-
Temakafé for kreftpasientar i Suldal
Temakaféen er ein sosial møteplass for deg som er ramma av kreft. Her kan du møte andre i liknande situasjonar, delta i samtalar og høyre faglege innlegg. Alt i eit trygt og uformelt miljø.
-
Tysdagstreff - for deg over 60!
Sosialt treff - Aktivitet - Måltid