-
Eg kan bidra som frivillig
På frivilligsentralen driv me med eit bredt spekter av aktivitetar. Aktivitetane avheng i stor grad av hjelp frå frivillige. Tar du kontakt med oss, kan me i samråd med deg finne ut korleis du kan bidra ved sentralen vår. Det er viktig for oss at du trivest med det du gjer som frivillig - uansett interesser.
Velkomstperson
Har du lyst å ønskje nye Suldølar velkommen?Verta kjent med ein anna kultur, samstundes som ein bidreg til at nyankomne får kjennskap til det norske språket, kulturen og lokalsamfunnet.
Suldal Frivilligsentral, ønskjer i samarbeid med Introtenesta å engasjere deg som velkomstperson. Som velkomstperson ein eit medmenneske, nokon å støtte seg på i ein etableringsfase og ein vegvisar inn i lokalsamfunnet. Som velkomstperson gjere ein ting saman som begge partar trivast med, og der alle bidreg til fellesskapet. Det kan t.d. dreie seg om å invitere på middag eller sosiale arrangement, inkludere i fritidsaktivitetar og idrettsaktivitetar i lokalsamfunnet.
Kva kan ein forvente?
- Som velkomstperson, bind ein seg for ein periode på 4-6 månadar, 1-2 timer i veka. Nokon vel å treffast kvar veke, andre annakvar veke.
- Begge partar blir invitert til eit fyrste møte med tolk.
Noko for deg? Registrer deg her.
Del på:
-
Eg ynskjer hjelp
-
Leksehjelp
Leksehjelp for minoritetsspråklige elevar
-
Lesevenn
Lesevenner er høgtlesing for barn der eit av hovudmåla er å skape gode møter mellom generasjonar ❤
-
Ståvå
Ståvå er open kvar tysdag og torsdag, og alle er velkomne. Kva er Ståvå? Brukte klede, sko og leiker, her kan alle som av ulike grunnar treng det, finna seg brukte klede, sko og leiker. Kaffikrok, ein møteplass for å bli kjent med kvarandre på tvers av kultur og nasjonalitetar.