-
Frivilligkonferansen 2025
Frivillig sjåfør - midlertidig ordning for pasienttransport i Suldal
Suldal kommune og Suldal frivilligsentral går saman for å sikre pasienttransport til dei som treng det mestEtter at Helse Fonna frå 1. juni 2025 avslutta avtalen med drosjar i Suldal, har pasientar med rekvisisjon måtte ordne transport sjølve og legge ut for kostnaden før dei kan søke om refusjon. For mange er dette både praktisk og økonomisk krevjande.
Sidan 12. juni har det vore mogleg for pasientar med medisinsk behov, og reise over 15 km å få faktura frå Haugaland Taxi med 10 dagars forfall, slik at ein slepp å legge ut pengar. Denne ordninga går ut 1. oktober. Suldal kommune arbeider for å få på plass ei varig løysing som sikrar trygg og tilgjengeleg pasienttransport utan at pasientane må legge ut for transporten. Fram til dette er på plass, tilbyr Suldal kommune ved frivilligsentralen ei midlertidig løysing.
Del på:
-
Leksehjelp
Vil du gjere ein forskjell, og få mykje tilbake?
-
Ståvå
Ståvå er open kvar tysdag og torsdag, og alle er velkomne.
-
Temakafé for kreftpasientar i Suldal
Temakaféen er ein sosial møteplass for deg som er ramma av kreft. Her kan du møte andre i liknande situasjonar, delta i samtalar og høyre faglege innlegg. Alt i eit trygt og uformelt miljø.
-
Tysdagstreff - for deg over 60!
Sosialt treff - Aktivitet - Måltid