-
Eg kan bidra som frivillig
På frivilligsentralen driv me med eit bredt spekter av aktivitetar. Aktivitetane avheng i stor grad av hjelp frå frivillige. Tar du kontakt med oss, kan me i samråd med deg finne ut korleis du kan bidra ved sentralen vår. Det er viktig for oss at du trivest med det du gjer som frivillig - uansett interesser.
Lesevenn
Lesevenner er høgtlesing for barn der eit av hovudmåla er å skape gode møter mellom generasjonar ❤Lesevenn passer for barn i alle aldrar med behov for vaksenkontakt, språktrening og kulturforståing. Høgtlesing for barn har ein rekke positive effektar. Det bidreg til å fremma leseferdigheiter og den språklege utviklinga. Barn med ulik bakgrunn, leseerfaring og språkmestring får felles leseopplevingar og referanserammer.
Høytlesning er en viktig aktivitet for å skape positive opplevingar i møte med bøker. Gode lesestunder har en positiv innverknad på lysten til å lese sjølv, det inspirerer fantasien og skapar grunnlag for leik og samtaler utanfor lesestunda. Barn har behov for å bli sett og oppleve vaksne som gode rollemodeller.
Har du lyst å være lesevenn i "di" grend - ta kontakt!
Har du lyst å bidra som frivillig Lesevenn, registrer deg her.
Ta kontakt med Hilde Nora Våge
- Telefon: 97755302
- E-post: hilde.nora.vage@suldal.kommune.no
Del på:
-
Eg ynskjer hjelp
-
Leksehjelp
Leksehjelp for minoritetsspråklige elevar
-
Ståvå
Ståvå er open kvar tysdag og torsdag, og alle er velkomne.
-
Tilbod for seniorar
Her finn du ein oversikt over tilboda som finnes i Suldal Kommune som passer for pensjonistar. Noko meir å tilføre ? Kom gjerne med innspel, på tlf. 92014176 eller hege.nilsen@suldal.kommune.no