-
Eg kan bidra som frivillig
På frivilligsentralen driv me med eit bredt spekter av aktivitetar. Aktivitetane avheng i stor grad av hjelp frå frivillige. Tar du kontakt med oss, kan me i samråd med deg finne ut korleis du kan bidra ved sentralen vår. Det er viktig for oss at du trivest med det du gjer som frivillig - uansett interesser.
Øvelseskøyring
Me søkjer frivillige!Ikkje alle har eit nettverk som kan bidra med øvelseskøyring. Har du lyst å hjelpe nokon eit steg nærare førarkort?
Frivillige:
Frivillig skal være minst 25 år
Må ha hatt førarkort samanhengande de siste 5 åra
Deltakar:
Ha eigen bil
Ha fullført trafikalt grunnkurs
Starta køyring på en autorisert køyreskule og hatt minst 3 køyretimar
Frivillig og deltakar må begge være friske, og ikkje påverka av rusmidlar under øvelsekøyring.
Krav til bil:
Bilen skal være i forskriftsmessig stand før køyring, og forsvarleg stand under køyring
Forskriftsmessig: Bilen er EU-godkjent, forsikra og at vognkort del 1 ligg i bilen.
Forsvarleg stand: Vil sei at den ikkje har feil eller manglar som er av betydning for sikkerheita.
Del på:
-
Eg ynskjer hjelp
-
Leksehjelp
Leksehjelp for minoritetsspråklige elevar
-
Lesevenn
Lesevenner er høgtlesing for barn der eit av hovudmåla er å skape gode møter mellom generasjonar ❤
-
Ståvå
Ståvå er open kvar tysdag og torsdag, og alle er velkomne. Kva er Ståvå? Brukte klede, sko og leiker, her kan alle som av ulike grunnar treng det, finna seg brukte klede, sko og leiker. Kaffikrok, ein møteplass for å bli kjent med kvarandre på tvers av kultur og nasjonalitetar.