-
Eg kan bidra som frivillig
På frivilligsentralen driv me med eit bredt spekter av aktivitetar. Aktivitetane avheng i stor grad av hjelp frå frivillige. Tar du kontakt med oss, kan me i samråd med deg finne ut korleis du kan bidra ved sentralen vår. Det er viktig for oss at du trivest med det du gjer som frivillig - uansett interesser.
Tilbod for seniorar
Her finn du ein oversikt over tilboda som finnes i Suldal Kommune som passer for pensjonistar. Noko meir å tilføre ? Kom gjerne med innspel, på tlf. 92014176 eller hege.nilsen@suldal.kommune.noMåndag: Seniorbading i Suldal bad kl 09.00 – 11.00
Eldretrimmen i gymsalen på Sand Skule kl 17.00 – 18.00
v/ Sand pensjonistlag
Tysdag: Seniortreff i Sanitetshuset på Sand kl 11.00 – 13.00
Onsdag: Turgruppe i Suldal kl. 10.00 –
Oppmøte p-plass ved butikkane i Osen
Fredag: Pensjonisttreff på Kulturhuset kl.11.00 – 13.00
v/ Sand pensjonistlag
Frisklivsentralen v/ Helene. F. Midtbø Tlf. 52792340 har tilbod om styrketrening på tysdagar og turgrupper på torsdagar , ta kontakt for påmelding.
Kulturhuset har gratis lunsjkonsertar gjennom året , sjekk heimesida https://suldal.kulturhus.no/kulturprogram/
Del på:
-
Eg ynskjer hjelp
-
Leksehjelp
Leksehjelp for minoritetsspråklige elevar
-
Lesevenn
Lesevenner er høgtlesing for barn der eit av hovudmåla er å skape gode møter mellom generasjonar ❤
-
Ståvå
Ståvå er open kvar tysdag og torsdag, og alle er velkomne. Kva er Ståvå? Brukte klede, sko og leiker, her kan alle som av ulike grunnar treng det, finna seg brukte klede, sko og leiker. Kaffikrok, ein møteplass for å bli kjent med kvarandre på tvers av kultur og nasjonalitetar.