Torsdag 30 Juni 2022
Kl. 12:00 - 16:00
Sykkelturen 2022 og Generasjonsleikane - Folkefest i Gata på Sand
Frå kl. 12.00 skjer det mykje kjekt i Gata på Sand!

Generasjonsleikane:
Frå kl. 12.00 blir det arrangert generasjonsleikane i Gata på Sand.
Eit arrangement med aktivitetar som bidreg til mangfald og inkludering på tvers av generasjonar, og der frivilligheita i samarbeid med kommunen står i sentrum. Les meir på: https://www.aldersvennlig.no/programmet/generasjonslekene/


Lag og organisasjonar:
Frå kl. 12.00 står lag og organisasjonar på Stand på Sand Torg, og Mimrestova i Gata er open.


Sykkelturen 2022:
Start i Gata kl. 13.30. Ta med deg sykkelen og bli med på etappen, stå langs løypa, eller ved målgang.
Norges Frivilligsentralar inviterer i samarbeid med ei rekke andre organisasjonar til ein sykkeltur gjennom heile landet.
Les meir på: https://sykkelturen2022.no/admin/etappe?EtappeNr=41


Torgdag:
Torsdag er torgdag på Sand Torg.


Butikkar og matservering:
Gata byr som alltid på kjekke butikkar, med godt utval og god service.
"Fargeriet Kafe" er open.

2024 © Suldal Frivilligsentral