2022 er frivilligheita sitt år. HURRA!
Norges Frivilligsentraler inviterer heile landet til å bli med på sykkeltur gjennom Norge, frå 21. mai til 15. august 2022. Frivilligheita skal løftast, på hjul frå Nordkapp til Arendal. Du kan lesa meir om Sykkelturen 2022 på https://sykkelturen2022.no/
Sykkelturen gjennom Rogaland er frå 30. juni til 6. juli 2022. Første etappe i Rogaland blir her i Suldal, torsdag 30. juni 2022!
17. november invitere me innbyggarar i Suldal, representantar frå lag og organisasjonar, næringsliv og kommunen til samskaping.
Korleis skal me saman skapa innhald og aktivitet rundt og langs sykkeletappen gjennom Suldal?
Sykkelturen - Meir aktivitet meir glede
- Samen skal me sykle, for å skape gode og inkluderande lokalsamfunn.
- Hovudmålet med sykkelturen er å sette lys på meirverdien av å føle seg til nytte i samfunnet, og oppleve gode relasjonar i kvardagen.
- Bli med å skap liv! Saman skal me vise fram fantastiske Suldal og mangfaldet av frivilligheit.